lørdag 29. januar 2011

Dag 18. Tidleg morgen paa Meru In og SAFARI !




















Denne morgenen var ein av dei sjeldne sida vi maatte staa opp tidleg for ei forandring! Frukost halv 8 og ikkje lenge etter satt vi i to safari-bilar paa vei til safari i Tarangire. Etter 2 timers koyretur var vi framme ved nasjonalparken og klare til aa entre verden der dyra og jentene paa tur var utemma. Taka paa bilane blei lyfta og deretter stemninga. Det forste som motte oss var ein flokk med zebra og antilope. Berre dette fekk jentene til aa hikse og kameraklikkinga var paa eit hogare nivaa en ever! Vidare inn i parken motte oss elefantar, sjiraffar, strutsar og masse apar. Turen varte i heile 6 timar men vi blei varte opp med ein nauta god lunsj i mellomtida. Vi koyrte ei god stund utan aa sjaa eit einaste dyr, men saa pluttseleg dokka det opp ein flokk med elefantar, antiloper og apekattar og midt i mellom dei stod synet framfor oss: telta vi skulle sove i!!! Etter lettare panikkanfall fekk oss servert nydeleg middag med vaar private kokk! NAM! Morket kom senkande over oss med skrekken som bismak. Men toffe jenter som vi er drog vi berre paa oss haudelykta og lata som oss ikkje haure alle dyrelydane som var der. Nokre gikk aa la seg og daa kom det fraa teltet til Mari: klokka e berre 19.21! Ja, det blir tidleg morkt i Tanzania. Der satt vi altsaa: kjekke jenter med haudelykt under ein stjerneklar himmel utan like atmed eit baal og kosa oss. Det var rein idyll skal eg fortelle dokke! Sidan vi skulle opp tidleg paa safari til soloppgang la vi oss tidleg. Eller det vil seie: nokon av oss la oss tidleg. Andre gikk i teltet og kjende at elefantane pusta oss i nakken og at apekattane stod og aat paa teltet.

Oppdatering og sitat kjem i morgon. Jentene har fortsatt ikkje komt over sjokket!

Stor klem
BB

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar