Ein minnerik tur er over!
I skrivande stund (den 9. desember) sit vi i lag på Bistandsklasserommet på Fredly folkehøgskule og mimrar over turen vår i Estland. Det er to dagar sidan vi kom heim att og inntrykka har ikkje satt seg heilt enda. Vi er ein gjeng på 10 personar og vi kan nesten seie at vi er nye personar etter opphaldet i Estland. Vi har opplevd og sett mykje spennande, og lukta mykje rart og no må det få tid til å synke inn.
Den fyrste veka i Estland var det, forutan oss, 16 andre personar, både elevar, lærarar og andre heldige. Vi reiste rundt i Estland og var innom både Narva, Raja og Tapa, og fekk oppleve både det eine og det andre. Vi fekk kome på besøk til privatpersonar som tok oss i mot med opne armar. Vi møtte menn med rus- og alkoholproblem, fekk vera i lag med born i alle aldrar og vaksne som ikkje hadde ein lett kvardag. Alle ville vise oss korleis dei hadde det og fortalte oss mange historier. Vi var veldig takksamde for dette og syntest det var svært spennande. Gruppa som var med oss drog heim etter ei veke og då var vi berre Bistandsklassa att. Vi kom til Trønderheimen og kjente oss som heime med ein gong. Tre personar frå Estlandsforeininga (Kirsti, Ingrun og Bernt Olav) møtte oss der og gjorde overgangen enda betre. Oppgåva denne veka var å arbeide i barnehagen og på barneheimen. Vi var veldig spente fyrste dagen på korleis det ville bli, og nysgjerrige på å sjå korleis dei hadde det. På barnehagen blei vi møtt med stor glede og varme. I barneheimen var dei meir skeptiske, men vi fekk vise at vi var ganske kjekke å ha med å gjere og dei blei varme i trøya etter kvart. Dagane gjekk fort og plutseleg stod vi i døra på Trønderheimen med tårer i auga og klumpen som vaks i magen. Vi kom veldig nært barna vi var i lag med så det var vanskeleg å forlate dei. Men godt er det å reise heim å tenke at vi hadde fått oss mange nye vener.
Ein skal leite lenge etter ein gjeng som har fått oppleve like mykje som oss, og vi kjenner oss svært takksamde. Vi har hatt ein flott tur med mykje fint og mykje tøft. Vi sit att med mange minner, og vi ser ikkje vekk frå at vi ein dag dreg attende til Trønderheimen.
Helsing frå gjengen på ”Bistand – Destinasjon X”, Fredly fhs
Her kommer også noen bilder :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar